mandag 23. september 2013

we love sitges




Sitges byr på utsikter som involverer både kvit boblebadehette til tørk under parasoll og heisekran i ei og samme retning.


Byen byr òg på upåklagelig byggesand og rikelig tilgang på skjell som kan brukast til veibygging om ein berre vasker dei litt først.


Selmaen vår blei treåttalt i Sitges og vi feria med dinosarukjeks og cherrytomater.  Kjeksa sirlig oppstilt for å bli som Dinosaurtoget på barne-tv.


Hei, hagen vår i Sitges!  Vi vil gjerne komme tilbake til deg!  Aller helst kjempesnart!


UV-drakt og spaghetti i skjønn harmoni.  


Ei populær syssel i Sitges; ligge inntulla i håndkle og sole seg.  Og mase ca konstant om hjelp til å få lagt håndkledet litt meir perfekt rundt kroppen. Litt opp. Litt ned. Over heile hodet. Nei, ikkje over HEILE hodet. Håndkledet heilt rundt beina. Nei UNDER beina. Nei, ikkje SÅÅÅNN! SÅNN, sa eg jo! Jeg trenger nok ditt håndkle også.  Og så Vetle sitt.  JO, jeg TRENGER det jo!


Er ein engstelig nok er det simpelten umulig å huske kor det var lurt å holde når ein sitte på "skrulrene" til pappa.

Og engstelig, ja det blir ein viss ein er eit norsk småfrynsete barn som skal ver med å sjå på når barnetoget går gjennom Sitges gater på ein eller anna Catalonsk festdag.


Dei voksne kan vel i og for seg ver einig i at det heile til tider sånn reint objektivt sett var hakket meir kaotisk, larmete og til dels uforsvarlig enn eit gjennomsnittlig 17.maitog. 


Kjempenusselig ildsprutande liten rakkar.


Enkelte er bokstavlig talt for blåaugd til å la seg engste av litt festivitas.  Heng no berre her, lissom.


Hallo, alle buekorpsnerds!  Her er vennene dåkkas.  Vi er ikkje vennar med slikt, berre så det er sagt.  


Roligare syslar i Sitges; leike gjentatte gonger at vi har eit pinnsvin i familien.  Vetle trakk det strået som gjorde han til pinnsvin kvar gong.  Om det var det lengste eller det kortaste strået er vi litt usikre på, men han ser iallefall godt nøgd ut.


Sitges, we love you, men Barcelona, ass!  Så tett med leikeplassar at det er ei bragd om ein klarer å få slepa med seg ein treåttaltåring særlig lenger enn et par hundre meter uten at leikeplassradaren slår inn.  Og er ein på ferie får ein jo oftast viljen sin, om ein er treåttalt.  Ergo; leikeplass it is! Igjen og igjen.  Her og der.  No og då.  Helst heile tida.


Vetliusen er glad andre kan snakke hans sak sånn at det blir litt morro på han òg.


Restauranten med det gigantiske paljettpizzaskiltet, men som ikkje hadde pizza.  Dei hadde derimot rødgrønne syklar som gjorde besøket flotters for den grønkledde og den rødkledde.


Nevnte vi at vi diggar leikeplassar og at dette virkelig er byen for dei leikeplassglade?  Her treåttaltåring iført kjole som er heilt lik som den Synne hadde i Danmark...sukk, for ei lykke!


Her treåttaltåring iført litt andre ting.  UV-drakt er jo alltid stilig, men kombinert med Vennebyencapsen og dei rosa brillene ho fekk i sitt livs første Happy meal blir antrekket komplett.  The beach, here we come.  Det seies jo å vere ei se-og-bli-sett-strand, så vi glir rett inn.  Schmokk, lissm.


Haifinn, eller var det Sigve.  Iallefall bur han i akvariet.  Heldigvis.


Mamma vil berre vise at ja, havhestar fins heilt på ånkli, sjølv om ein eigentlig ikkje skulle tru det.  Og sikkert både einhjørningar og huldrer òg.


Mamma dreit litt i dei fancy haiane og valgte heller å bli heilt oppslukt i denne sjarmerande fiskeskapningen uten hale.  Tullefisk, seier berre vi.  Og så seier vi god natt og viss tida strekk til midt mellom all ferieringa skal ein ikkje sjå vekk ifrå at det kan dukke opp masse dyr her på markmusbloggen.  Helsing familien som var glad for at dyrehagen i Barcelona ikkje hadde verken Kardemommeby, Abra havn, Kjuttavika, badeland eller fellesferie.  Koss gjer ein det, liksom?  Dyrehage uten nåkke meir, we love it :)

1 kommentar:

  1. herlig!
    men nå synes vi egentlig dere burde komme hjem igjen.

    SvarSlett