I dag får endelig eg, Vetle, blogge litt i fred. Selma styrte jo på i nesten tre år uten meg, så no er det på tide at eg òg får skinne litt her i bloggverda. Eg trur eg benytter andledninga til å berre fortelle litt om korleis det er å vere baby i Spania.
I Barcelona er det sånn at også babyar får vere med å sjå på berømte og uferdige byggverk. Dei kan til og med komme til å bli avbilda sammen med kunstverka. Men i motsetning til Selma som lot seg imponere ein heil del av denne familiekyrkja har eg tenkt lite og ingenting på den i ettertid.
Sørgelig fakta om det å vere baby; ein kan risikere å bli tjora fast i ein babystol med mute i munnen for ikkje å lage for masse kvinande lydar mens dei andre et eit bedre måltid på restaurant. Ein kan miste livsgnista av mindre. (Eg fekk tilbud om mat eg òg, altså. Eg sette berre ikkje så stor pris på den, kan du sei.)
Parc Güell (Gaudiparken) gav meg ypperlig anledning til å gjere noko av det kjekkaste eg veit; nemlig å legge meg like ved sida av teppet dei voksne har drassa med seg heilt frå Bergen for at eg skulle ha nåkke godt og fint å ligge på på ferien. Eg har komme fram til at ein finn langt meir spennande ting å putte i munnen viss ein beveger seg berre ørlitegrann vekk frå der dei egentlig vil ha meg. (Mamma helser og beklager røff behandling av låneklær, Skuggefolket.)
Varmt land og laber interesse for normal væsketilførsel = vannmelon.
I mangel på jevnaldrande valgte eg å innlede eit slags vennskap med denne rakkaren. Storesøster og pappa syns visst den var litt skummel, men eg er fremdeles bråkjekk, uredd og nysgjerrig. Lite nytt, med andre ord.
Ein anna venn prøvde å bite meg i tåa, men er ein dus med ein flodhest må ein tåle såpass, spør du meg.
Når mamma finn noko ho meiner lignar nok på ein firkløver til at det må avbildast stiller eg gjerne magen min til disposisjon. Såpass grei må ein vere mot ei som låg i halvørska og spydde i månadsvis berre på grunn av min spede begynnelse.
Ein av dei finaste tinga ved å vere mini er at ein fremdeles har humor på eit relativt artig nivå. Selma er i ferd med å bli ein racer i underholdningsbransjen retta mot småfolk som meg, og det nyt eg godt av så ofte som eg berre kan.
Appetitten er på stigande kurs.
Til venstre: biten eg kasta opp under kveldsmaten ein dag. Av ukjent opprinnelse.
Til høgre; restane eg lot ligge igjen som bevis på at også bagasjelappar kan utgjere eit heilt ok mellommåltid.
Til tider virkar eg å vere den einaste som lar meg affektere av at det blir gjort forsøk på familiefotografering. Her svevande over Barcelona i eit pariserhjul i andledning mamma sin åremålsdag.
Andre gonger vel eg òg å koble ut og lar pappa streve i maks motvind i jakta på det perfekte idylliske julekortet.
Tips frå meg, til kvensomhelst, egentlig: ta med deg to plastboksar og ei skei, legg deg korsomhelst og ha det ustyrtelig festlig så lenge du berre får lov.
Andre gonger må ein stille seg til disposisjon for at andre skal få mora seg. Her lot vi pappa på styre på med restane av klistremerkearket til Selma. Det var visst det som skulle til for at han skulle klare å sitte nokolunde stille på flygninga ned til Grancisen. Fedre, altså, dei er lette å underholde til tider.
Enkelte gonger skulle eg vel ønske at eg hadde evne til å sette ned foten når andre vil more seg på min bekostning. Evt at dei som faktisk har evne til det kunne ha ordna opp heller enn å forevige situasjonen. Eg tok det opp med den aktuelle anonyme mora i etterkant.
Innimellom gleder eg meg litt til eg får i gang nye måtar å forflytte meg på. Enn så lenge tar eg tida til hjelp og kjem til tider fram til målet på mitt vis. Riktignok blir eg ofte stoppa på vei til favorittdestinasjonane (ledningar, trappekantar og dobørster). Dette rømningsforsøket fekk imidlertid ønska utfall; bading og bading og bading med favorittsøstera. (Oppe til høgre ser de ølparasollen vi har lånt av ein viss sjømannsprest.)
Sist, men ikkje minst; eg er eit sjarmtroll uansett kva land eg oppheld meg i. Snart kjem eg heim for å sjarmere dei vanlige venene mine face to face igjen. Berre å glede seg, folkens!

















Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar