torsdag 19. september 2013
Vi skal vel ikkje komme her og sei at det er dette som er aller mest å skrive heim om. Meeen det kan jo vere verdt å nevne i ein bisetning (eller la oss kalle det eit biblogginnlegg) at Selma og mamma har testa ut Photo Booth sine nye ekorn- og insekteffektar. Vi kan ikkje akkurat sei at vi syns det var kjedelig. Ellers kan vi innrømme at vi i dag nesten blogga meir om livet her i sola, men at vi ikkje gjorde det likevel. Det er jo noko, på ein måte.
Håpar dåkke der heime har regnklede som passar og at impregneringssprayen til skoa ikkje er tom. Tjihi ;) Okei, vi gler oss litt til å komme heim til raslande orange blad og tørr høstvind, men resten klarer vi oss uten for ei stund. Ciao!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)


Ekorn og insekt...eller rettare sagt "makkong og fisk"...ser ut som om de har det bra, og det er godt. Vi ventar med regnet til de kan dele det m oss, vi ;) God spaniahelg!
SvarSlett