torsdag 30. mai 2013

Lykka i livet kan vere




*å få smake si aller første halve skei med graut


*å få skvisa fire voksne 17.maikledde mennesker inn i eitt og samme bilde


*å ha ein onkel som sender kort der han skriv at han bur i eit stort leikeslott i Praha.  (ingen hadde hjerte til å fortelle ho at det egentlig var snakk om ei seng på ein slags dorm)



*å få leike med vatn i tide og utide -heilt til ca halvparten av desse plantene leid drukningsdøden og mora innførte spørre-dei-voksne-plikt før vatning.



*å henge rundt i ei køye sammen med ei super storesøster eller ein søt lillebror, og å attpåtil få lov å gå i shorts og t-skjorte ein heil dag.


*å reise på jentetur til byen ein lørdags formiddag.  Då kan ein sitte på vanlige seter på bybana, for ein har jo ikkje barnevogn med! JUBEL!


*ei real rockestund med pappa og gitaren hans


*å ta med seg eit av sine barn i bæreselen (her ser vi Ingrid, tvillingen til Ugla) på sparkesykkeltur i sentrum.


*å få lov å hjelpe til med holding av skjerm mens lillebroren debuterer som modell


*lykka i livet er forresten IKKJE å jobbe i modellbransjen


*derimot er det både lykke, jubel og fryd når ein stolt kan gi vekk heimedekorerte saker til favorittGro som har bursdag. (takk for tallerkentipset, Åsmund!)


*dagens siste lykketips er å få seg ein heilt eigen pult som ein kan tegne på både tidlig, seint og midt på dagen

Mykje lykke, ein del ulykkelighet, tidlige morgenar, endelig også tidlige kveldar, sol, rensing av skrubbsår, vedlikeholdsfritt hagebord og drømming om ein høstmnd i Spania.  Sånn går nu dagan her i heimen for tida.

1 kommentar:

  1. Endeleg!!!! Nye spennande bilete av deilige barnebarn!!!! Ser ut som om de storkosar dykk alle fire!! ....lykke kan så absolutt vere å vere mormor til Selma og Vetle <3

    SvarSlett