Er eg eit heilt halvt år, seier du? Og du syns at dette er ein verdig måte å feire på? Legge med ned på det nye vedlikeholdsfrie hagebordet vårt, berre for å kunne knipse meg omgitt av blomster? Halloooo mamma, dette er fullstendig kårni! Okei, EITT smil, og så må det bli slutt på dette sjuke påfunnet! Ellers så ete eg eit blad av den derre pelargoniaen din.
Riktignok er pupp rimelig diggbart, men fytti feite kor strålande det er å toppe det heile med ein dæsj med graut eller ein kjæsj søtpotetpuré. O lykke! Og slike gleder har dei holdt skjult for meg i seks mnd.. Dei eige ikkje skam her i livet!
Det gjer seg virkelig med ein strekk på sofaen etter slike gourmetmåltid. No som eg er eit halvt har eg òg fått stifta bekjentskap med Hinkel Pinkel og dei andre i Drømmehagen. Tjo hei, kor morro!
Selma har debutert i dei skriftlige medier. Menighetsblad er ikkje nåkke å kimse av, folkens. Media er media og oppmerksomhet er oppmerksomhet.
Selma har vore på kino òg sia sist. Ho, Pjuskenpusen og mamma såg Karsten og Petra, åt popcorn og kosa seg nesten fullstendig forderva. Vetle fekk ikkje vere med, for papsen måtte ha nåkken å gå på kunstutstilling sammen med.
Madrass som hodepute og bilteppe som madrass. Fins vel enkelte grunnar til å velge andre måtar å forvalte ressursane på, men når ein først er tre år er det jo greit å benytte seg av sin litt artige tenkemåte (evt litt i overkant aktive nattlige bevegelsesmønster).
Og er ein eit halvt kan ein lett velge å oversjå både sausekinn og vattepper til fordel for ein god gammaldags eikeparkett.
Parketten er jo berre eit supert utgangspunkt for å benytte seg av dei triksa ein har på lur. Eller la oss sei triks i eintal. Det er jo berre å slenge seg mot sida og rulle opp på feks eit teppe. Åsså rulle tilbake. Og opp igjen. Og ned igjen. Og så andre veien. Og tilbake. Opp på teppet igjen. Og så er det best å etterkvart lage plagsomme lydar sånn at ein blir redda frå denne evigvarande prosessen.








Grattis med den første bursdagen din , Vetle !
SvarSlettEller halv bursdag då...
Ja, her var det masse kjekt å sjå og lese !
De er ein super gjeng!