Jenta og papsen skulle på knøttekor og jenta foreslo plutselig at lillebroren kunne vere med. Godt forslag, jente, seier mamsen! (Jada papsen, mamsen veeeit at sjokolade iiikkje er lov på ein tirsdag, men når mamsen er aleine heime for første gang på 5 mnd må det vere lov å feire begivenheten littegranne. Oki?)
Mamsen vel å oversjå at kjøkkenet ser sånn ut
..og at prosjekt sybæreseletildokka fortsatt ser sånn ut.
Mamsen vil heller sjå på kunst, og dele kunsten med tanter, onklar, besteforeldre og stilige venner som ikkje bur på Slettebakken. HelloKittykunst.
Og så vil ho sjå på dei to søte kunstnarane.
Så vil mamsen sjå litt på gatekunst. Jenta har virkelig fått opp augene for streetart. Takk til tante Grete og til Sola sjølv.
"Se mamma, jeg har tegna deg sånn at du lignar på en gris".
Mamsen konkluderer med at sjølv om mannen, jenta og lillebroren er mine absolutte favorittar her i livet var det rimelig grisedeilig med ein litt lang time med kaffi, ulovlig sjokolade, barnekunst og absolut tyssssnad (lesast med Kontrapunktdialekt, for dei som måtte forstå seg på kva det betyr).







tyyssssTnad,.....kjære du! Unner deg av heile mitt hjerte den vesle pausen du beskriv her! Glad glad glad i deke alle! ;)
SvarSlett