Her er mammaen vår og Vetle for 14 dagar sidan. Mamma hadde pynta seg med fleecebuksa ho sydde i 2000.
Og her er mammaen vår og Vetle for 13 dagar sidan. Denne dagen hadde mamma pynta seg i ein mønstrete oversized skjorte som visstnok er veldig moderne blant sjuke og ufjelge.
Eg gjekk i barnehagen og når eg kom heim var eg vips blitt storesøster. Nåkke av det finaste med å vere storesøster er at ein har nåkken å stryke på i tide og utide.
Og nåkken å sjå ømt og kjærlig på både seint og tidlig.
Dei seier eg kanskje er verdens beste storesøster og eg ser ikkje vekk i frå at dei har rett.
Vetle har òg muligens verdens beste hårete pappa. Nemlig den samme pappan som eg har.
I tillegg til å vere super storesøs er eg òg ei knallgod mor for tvillingane Ingrid og Ugla. Her hadde eg lesestund for dei. Boka "kollektivt sjølvmord" handlar om eit blått, eit gult og eit rødt tau som er på tur i skogen. For det har pappa sagt.
Vetle er ein rimelig knallsuper lillebror, men av og til må han sjå litt rar ut sjølv om han har på seg festivalarmband.
Andre gonger ser han i grunn berre ganske så søt ut.
Eller berre ganske så liten.
Eller fin.
Ein av dei beste tinga med å ha ein lillebror er at det plutelig er fleire som kan hente meg i barnehagen. Eg må innrømme at eg er riiimelig stolt over han og at det er knallandes kjekt når han kjem for å vise seg fram til vennane mine i barnehagen.
No er vi eintotreFIRE stykk i familien. Dette er første bildet av alle sammen. Det virkar som om det kan bli ein utfordring for fotografane å få tatt failieportrett no som vi er ein heil gjeng.
Men slapp no berre av, vi prøver igjen og klarer det nok til slutt skal de sjå.








Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar