(og ja, bilderedigering er fremdeles for pyser og folk med for mykje tid og energi)
Livet er vidunderlig, vi har SNØ! Eg må berre sei at eg trur eg ælskar snø!
Mamma (og kanskje pappa?) ælskar jo eeegentlig ikkje snø, men har ein blitt mor (evt far) til ei som ælskar det blir ein jo fort litt riven med i iveren likevel. Det er godt eg kan ha litt positiv påvirkning på desse gamle. Naboborettslaget har gooode akeforhold for folk på toogethalvt, ai låvv naboborettslaget!
Etter å ha brukt opp all energien i akebakken er det rimelig vidunderlig å ha ein lillebror ein kan sove på. Mulig eg snart må legge av meg denne vanen, men inntil vidare vel eg å benytte meg av at ein har muligheten.
Ein måtte jo sanke ny energi for å kunne gå på juleverkstad og produsere dorulleffektar til jul.
Sjølv er eg godt over gjennomsnittet stolt over kolleksjonen eg kreerte.
Helga baud også på forpliktelsar. Er ein mor til eit tvillingpar som fyller 1 år må ein jo stelle i stand bursdagsfrukostselskap. Tvilligane Ugla og Ingrid sat fint og sa ikkje eit ord. Eg skulle meine det er eit tegn på at dei var godt nøgde med feiringa og servicen.
Etter å ha skifta bleie på tvillingane og lagt dei for ein kvil kunne eg endelig ut i snøen igjen. Mine og Gustav sine foreldre hadde visst ein gong ein visjon om utstyre oss relativt kjønnsnøytralt. Det ser ut som om dei har feila.
Klem frå ho i rødt.


For ei fin helg du har hatt, Selma!
SvarSlettBesto koste seg veldig med å sjå og lese
om alt det kjekke du har gjort!
Fine bilder av fine folk og nissar på T-skjorte og i vinduskarm. Eg likar det. :)
SvarSlettmen kjære vene, jeg elsker dorullnissene dine, ms s!
SvarSlettspesielt han til høyre.
og du, hvis du låner bort noen av rosa/røde klærne dine til lillebror, så veier det nok litt opp for (mangelen på) det kjønnsnøytrale.