onsdag 26. desember 2012

romjulspresang

Her kjem ei slags ustoppelig rekke hipstomatiske bilder frå det Markmusiske desemberliv.  Kjente og kjære får sjå på det som ein slags romjulspresang viss de ikkje var godt nok nøgde med dei skikkelige julepresangane.


Dette er Vetle.  Ein par timar inn i livet.


Dette er også Vetle.  Eit lite døgn gammal.  Kvalm som fy.  Pay-back-time, i følge mor som har spydd iallfall 3 x daglig i godt og vel 60 dagar (=miiinst 180 møter med doskåla) pga fosterVetle.  Vetle tok poenget, men ba likevel om nåde.


Nåde innvilga.  Mor rakk akkurat å lakke neglene før fødselen, takkoglov.


Kem vil ikkje ha ein sovande Vetle oppå seg?



Ny vaskekone i heimen.  Lettkledd og iført lakksko med sløyfe.  Pent skarre verra, sa brura.


Vaskekona er bedårande, syns vi som er høgare enn ho.



Vaskekona har også tatt på seg fleire huslige oppgaver.  La oss kanskje heller kalle henne ei generell hushjelp.  Dette var før ho fekk den etterlengta barnekjevla til jul.



Enkelte andre i heimen duge ikkje så godt som hushjelp, men dei funkar finfint som pryd for auget.


Far i heimen har sjelden vore så stolt som når han kunne gå mandig gjennom bydelen med eit tre over skuldera.  


Og førstefødte minimarkmus sjelden så nøgd som når ho hadde fått pynta planta.


Vi er einstemmig imot klasebomber, men klasepynting er vi tydeligvis absolutt for.


Vi er òg for klasesoving.


1 stk julejente med 2 stk favoritfolk.


Heimens to favorittmenn behørlig oppdressa i anledning julekvelden.


Og 1 stk isbjørn på krigsstien.


Knerten, Karoline og søt jente benka i sofaen ein tidlig julemorgen for å nyte julegaveKnertenfilm.  O lykke!


Nåkken timar seinare; lunsj frå Knertenmatboks.  Lykke igjen!


2.juledag er trulig den perfekte akvariedag, syns vi.  Superselma og papsen heiar på Selmaselen som hadde lært så mange nye triks sia sist at ho blei kalla Superselma.  Men hei, det er jo MEG det!  Helsing Superselma Markhus.


Pingvinmating i fullmånelys kan ein ikkje få med seg for ofte.


Ein kan heller ikkje få mat for ofte.  Helsing mr-snart-tre-veker-og-dobbelthaka-melder-sin-ankomst.

2 kommentarer:

  1. Takk for jublande fin romjulspresang!! Eg ler så tårene trillar, er stolt over å ha strødd ut skrivegener til yngre generasjonar - med resultat i form av lattertårer...som sonen ved sida av meg ristar oppgitt på skolten av.....
    Super julekavalkade!! Nydelege småtroll i musebolet!!!

    SvarSlett
  2. men herlighet da! vi ELSKER bildeoversvømmelser!

    SvarSlett