Uteliv er lovely! Faktisk så lovely at eg har bestemt meg for å ta ein tur sørover til strøk som er så varme at vi kan leve ute nesten heile tida. Sist eg var langt sør i verda var det minimalt eg fekk med meg. Eg titta sjølvsagt ut av mamma sin navle i ny og ne, men kan ikkje sei at eg akkurat blei lommekjent i syden. Difor må eg tilbake for å utforske meir!
Eg har testa ut sydenhabitten og må seie meg nøgd. (jada mormor, eg har tenkt å droppe ulldrakta under når eg er komt meg sørover)
Dei gamle har pakka koffertane og eg har bidratt med å sette ut nok mat til dyra sånn at dei skal klare seg til vi er tilbake.
Apropos dyr; her ser dåkke to hjorteluringar som hadde sneke seg ned til hagen vår i dag. Mamma syns visst det var skrekkelig rart og morsomt. Eg forso ikkje heilt all ståheien, det går jo dyr der oppe stadig vekk. Seinast i går var naboen sin katt minst like nær hagen vår. Forstå ho den som kan.
Eg valgte som de ser å ta det heile med stoisk ro. Tenkte det var like greit å sette seg ned å nyte at mamma i forfjamselsen glømte å ta på meg både jakka, hue og sko. Håpar ho blir like forfjamsa i syden.
Shalabais folkens, sjåast når eg er tilbake :)
Pst. Nyt kåken min, Olaien og Emilen!
vi nyter som søren!
SvarSletthåper du også gjør det der du er.
hugleik