tirsdag 17. mai 2011

hurra hurra hurraaaaa!

Bestefar har nettopp flytta frå Lanzisen til Grancisen, så difor tok eg gjengen min med meg sørover ein liten tur. Eg bestilte bøtter med regn til Bergen og så pakka eg søttendemaikjolen og flaug i vei.

Eg og pappa sitte klare og ventar på avgang mens Fløde suge til seg litt ekte norsk søttendemai før vi går ut i varmen.

Mitt første 17.maitog blei altså på Grancisen. Absolutt noko å skrive heim om. For spesielt interesserte (vil anta eg no snakkar om dei med etternavn som begynner på S og sluttar på tyve) kan eg informere om at eg trilla gjennom toget saman med Marit Steiro som for anledningen hadde på seg ny rød kjole.

Årets søttendemaisjølvutløysarknips av meg og gjengen min. I bakgrunnen hørte vi Tor Endresen holde dagens tale. Eg beit meg spesielt merke i dette utdraget: "har du høørt om musikaren som gikk forbi en pøb?? Ikkje eg hellar".

Det seies at mr. Lollipop også sa mindre morsomme og meir viktige ting, men det gjekk meg dessverre hus forbi. Eg var opptatt med å spankulere rundt på strømpelesten.

Etter å ha sveitta ei stund på den norske skulen var det lovely å ta på avslappingskleda og herje litt rundt i hagen til bestefar.

Han sjølv valgte å lade batteria med ein liten elefantsafari i bassenget sitt..

..mens eg feria livet med eit par-tre jordbær

Etter jordbærinntak valgte eg å holde eit lite søttendemaishow for alle dei oppmøtte. På programmet sto blandt anna kunsten å vise kor jysla stor ein er blitt. (viss du får lyst å sjå kor stor/liten eg var for akkurat eit år sidan kan du jo klikke her)

Etterpå fant eg det for å godt å ta eit av dagens bad -før eg igjen la ut på tur for å feste. Det blei ein sein kveld på kirka sia eg nekta å sovne, men kameraansvarlige fant det visst ikkje for å godt å dokumetere seansen.

Søttendemai er eg så gla i, morro eg har fra morgen til kveld. I alle fall på Grancisen.

pst. har eg glømt å nevne at vi i vår familie ikkje feirer grunnlovsdagen 17.mai? Vi syns heller det er på sin plass å vie oppmerksomheten til mammaen min som har navnedag denne datoen. Sånn gjer vi det i vår familie, lissm.

4 kommentarer:

  1. slutt å kjekke deg med sola og varmen og bassengene og palmene - kom hjem, asap! hvertfall imorgen.

    SvarSlett
  2. Kan du ikke stikke innom Grusveien 2 hvor vi bygger og bor på vei hjem Selma fin?

    Beitus

    SvarSlett
  3. Er markmusbloggavhengig. 4. gang jeg har sjekka for oppdateringer i dag (!)


    Beate

    SvarSlett
  4. Milde himmel, anonyme Beate Beitus :) beklager å skuffe deg så hyppig.. Men kor blir det av Grusveien sin blogg? Vi trenge den! Må forresten berre beklage at flyet tok meg direkte heim til Bergen, vil gjerne Gruse meg ein anna gong. Aller helst veldig ofte.

    SvarSlett