Hei godtfolk! Sist eg lot høyre frå meg var eg feberslapp og grågusten. Feberen slapp ikkje taket før påske, men dei store putta medisin inni meg og tok meg med ut i bilen likevel. Vi havna i Geilo og åt og blomstra, men dei einaste påskebildene dei knipsa var visst når vi sto i ferjekø på veien heim. Så då får eg vise fram desse då.


I dag er pappa i London med onklane mine. Eg har nytta høvet til å smake på ting han pleier å nekte meg; fuglebæsj, jord frå hagen og is. Dei to første delikatessene fant eg ute i naturen heilt på eigahand, men for at eg skulle få smake min første is måtte det eit par gavmilde fadrar inn i bildet. I love fadrar!
Denne veka har eg husa Aisha og mormor. Slikt er stas! Mamma tok oss med for å mate gakk-gakkane ved Tveitevatnet. Eg og Aisha var ikkje heilt i dele-modus, så vi åt tørre skorper om kapp med fuglane
Som gode kusiner er det viktig å leie så masse som mulig.
Og så er det viktig å byttelåne vogner innimellom for å holde oppe spenninga her i livet.
Fremdeles blå auger, gitt.
Eg er ein skøyar som helst skulle stått på ei scene og gjort ablegøyer. Eg treng berre å klappe litt og så ler dei seg skakke både halvsmå og store.
Eg trur kanskje Aisha elskar meg.
Og du skal jammen ikkje sjå vekk ifrå at eg elskar ho littegranne òg. (Den som kan få vekk denne linja under bokstavane skal få ein slags premie.)
Det var alt eg hadde på hjertet i dag (men det var jo slettes ikkje så lite). Hade med vink.
Pst, takk til Gustav for lån av akebrett og takk til Mormor Gjestefotograf.
fadrar love selmis!
SvarSlettDu Selma du Selma....takk fo rat du ville ha oss på besøk, og for at vi fekk sjå både barnehagen og ko-koane dine. Mormor trur akkurat som du at Aisha EEElskar deg masse....Godklem og takk for at vi fekk vere saman med deg frå oss, mormor og Aisha. Fine bilete, forresten prikk prikk prikk hjerte hjerte
SvarSlett