lørdag 6. april 2013

Det lyser bak støa, kva no det måtte bety

"Ser du sola du Ola, ser du månen du Per? Det lyser bak støa, det blir annaslags vær."



Mamma er kjent for å kunne mange rare sangar, men denne tok nesten kaka, syns eg. Folk snakkar generelt litt i overkant mykje om været i denne byen. Dei seier at eg må fortsette å gå med denne gule jakka sånn at sola skal fortsette å skinne, og dei klagar over 3 sekundmeter med vind fordi det er bedre med sol uten vind enn sol med vind. Kom dåkke inn i hagen vår, seier berre eg.  Her er det vindstille og solfylt og grillen er velbrukt allerede.  Naboen flekka til og med fram si vinterkvite brystkasse her om dagen, vi leikar jo ikkje vår her på Slettebakken.  I dag tok våren riktignok ferie og inviterte herr snø til å passe på graset littegranne.  Det er som om det skjedde berre for å oppfylle mamma si gnåling om at "det lyser i støa, det blir annaslags vær".  


Eg er stort sett veldig fornøgd eg. Eg har jo knapt opplevd regntrekk over vogna. Og ja, eg har solgul jakke, godt humør og eit særs varmande glis :)

(Etter litt googling begynner ho som liksom kan så mange rare sangar å lure på om ho kan feil tekst.  Er det ikkje bak støa?  "Det lysner bak vola" seier internetten, men er det rett då?  HJELP!)

1 kommentar:

  1. Internetten har nok rett, hadde vore enklare å skjøne bak støa....ei stø,,,e kje det båtfestet eller slikt?? wen vola...? hm...Heldige vetle som berre kan skine omkapp med sola og drite i vola... ;) Vakre Vetle!!

    SvarSlett