onsdag 10. april 2013

Det humper opp og ned


Det går opp og ned her i livet. Kvar einaste dag, i grunn. 



Når ein er tre år kan det til og med gå rimelig mykje opp og ned i løpet av berre få sekund.  Både på humpa og meir generelt i livet.


Når det går ned er det jo greit å vite at det som regel er lysning i enden av tunnelen.  Omtrent som i enden av tunnelsklia på naboleikeplassen.  Når det går ned for mamma sin del kan ein ofte lokke fram den påfølgande oppturen ved å gi henne litt rosiner.  Det seier iallefall pappa.  Ein skulle høyre på pappaer av og til, for dei kan ha rett.  Men ikkje alltid, har mamma sagt.


Ein av dagens oppturar; å finne denne finfine faddersydde hua langt inni hagekrattet i barnehagen.  Sist vi såg den var i juni i fjor, så den har overvintra i det fri sammen med fjorårets kvistar og blad.  Opptur!  Nedturen kom då mammaen annonserte at den treng ein tur i vaskemaskina før den kan brukast.  Opp og ned er like langt, sa brura.

2 kommentarer:

  1. selma, we love you - opp og ned i mente!

    SvarSlett
  2. Du skal ikkje sjå bort ifrå at det pappa seier om å gje mamma rosiner...rett og slett berre er fordi hasn veit at då slepp HAN å ete rosiner... For det likar han nemlig ikkje!! Mne hjelper det på mamma sitt humør, så er det jo rett og slett ein dobbeltvinnings!
    God helg te Selma og Besto!!

    SvarSlett