"Mamma, Ingrid (dokka) døde, så eg steikte ho på komfyren min sånn at vi kan ete ho. Først må eg berre dele ho opp litt med denne rosa leikekniven. Du kan få smake på øyret du, mamma".
Eg og pappa elskar lørdagsgraut, vi! Mamma har lært seg å tru at ho òg elskar det. Vetle elskar berre melk og tran og smokk, ikkje graut.
Og så elskar eg den nye tavla mi. No kan eg skrive navnet mitt med kritt så ofte eg berre vil. Jippijaaai!
Vetle helsar og seier han har blitt ein racer med smilemusklane. Smil frå oss begge til dåkke vennane våre :)
Så kjekt å sjå deg att Selma, du er så god !!
SvarSlettMen stakkars Ingrid-dokka då......
Gler meg til å møta dekan att, allesaman !!!!
Smil tilbake frå liten og stor her i heimen! Mest frå dei store, for den vesle har dobbelsidig øyrebetennelse, sår hals og hostar heile natta...
SvarSlettStas å sjå bilder og få smugkikke inn i kvardagen dåkka. Så flink ei jente som kan skrive navnet sitt! Og FOR ei kul ugletavle! Vi gler oss til vi sjåast om forhåpentligvis kort tid :)