Typisk scene frå veka vår. To schlække små ligg og sleng oppå ei voksen fleecebukse. Tempen er variabel. Bakerste barn held 39-40 mens det fremste barnet er normaltemperert. Han har til gjengjeld fått rosa femismokk og syns det er ein vel så ille skjebne som det å vere litt varm i toppen.
Innimellom lyser vi imidlertid opp og nyte godt av julegavene våre. Det har blitt ein del ville sjablongdyr siste fire dagane, kan du sei.
Andre drite i ville dyr og tar seg heller ein ekstra lur. Denne gangen på saueskinn, noko som er vel så deiig som ti år gammal nuppete fleece.
Tilbake til tilværelsen oppå fleecebuksa.
Treerbanden som ruler heimen these days. Ein svært lite velstelt gjeng. Vetle likar hyppig tilgang til matfatet. Så hyppig at mor tydeligvis har lagt seg til ein ammevennlig mote. Knallande stilig, må vi sei.
Frøken eg-får-tova-bakhode-kvar-einaste-natt ser litt meir enn gjennomsnittlig masse nrk super denne veka. Samme dama nektar dei voksne å rydde ut jula før bestefar har fått sett juletreet. Heldigvis kom han heim på januartur i går.
Og så tilbake i kvileposisjon. Igjen. Denne gangen riktignok ikkje oppå fleecebukse. Julegavepuslespelet orka vi berre å hente fram frå skapet, så tok energien slutt.
Og vips har ein energi til å nyte ei anna julegave. Eg har vist meg å vere eit snekkertalent. SuperSelma SnekkerSelma, poteito potato.
Just nu; tilbake til kvilelivet i senga. Sånn går nu dagan. God bedring til meg, takkskalduha!








Åh, finingane! God bedring til Selma, som forhåpentligvis er betre no. Sola syns det var spennande å sjå bilder, særlig når dei inneheldt bebi, pussle, tængne, (s)tæne, pysh :)
SvarSlettfyttigrisen, her virker det jo som om det bare er idyll i huset, selv med sykdom! heldiggriser:)
SvarSlett(og grattis med nydelig hårklipp, selmis!)
nydeleg!
SvarSlettalltid idyll i spann her inne, ja - eg føler vår familie er ein heil del meir trassig i forhald..
håpar å sjå dykk snart!
e.
savner dere!
SvarSlett