søndag 13. februar 2011


På fredag var mamma så trøtt i augene etter jobb (synlig bevis på bildet under) at pappa sa vi måtte ta ho med oss ut og lufte henne. Ellers kunne ho visst ha begynt å rotne eller bli hengande fast i sofaen eller nåkke sånt. Eg hoppa opp i patapumen og sa ho måtte bære meg rundt frå barnehage til barnehage sånn at eg omsider kunne få bestemt meg for kor eg har lyst til å tilbringe kvardagane frå høsten av. Det var mykje fint å sjå, så viss eg får viljen min kan eg nok ha eit fint liv sjølv om mamma og pappa må gå på jobb begge to.


Her sit eg i kroken min i stova og smiler mitt sleskejoviale "okei-eg-kan-slenge-på-eit-smil-for-kameraets-skyld-men-neimen-om-eg-gidde-å-smile-med-meir-enn-munnen,-augene-nektar-eg-å-gjere-noko-med-smil".

Eg slenger med eit par bilder til berre for å understreke det derre med augevipper som kan vege opp for hårmangel.

Eg starta helga med energinivå ala bildet over, og avslutta med trøtte auger ala bildet under. Denne helga har eg hatt ein tendens til å bli vekka frå middagluren av velmeinande pensjonistar med høg røyst eller gneldrande hundar på søndagstur, så då blir kveldane liiiittegranne dryge kan du sei.. Då er det godt å ta ein aldri så liten taimaot med appelsin, smokk og ukritisk fjernsynssjåing.



3 kommentarer: