
Lyset, blomsten og meg. Ein fin gjeng.


Eg har blitt rimelig glad i oppvask i det siste. No er det jo eg og pappa som steller heime om dagane, og han har sagt han forventer at eg bidrar litt meir i dei daglige gjeremåla enn eg har gjort fram til no. No problem, seier eg :)

Ein digresjon; kven treng vel hår på hovudet når ein har slike augevipper..?

Tilbake til huslege sysler. Resirkulering er slettes ikkje verst. Iallefall ikkje når ein kan kombinere det med det å ha ein finger langt oppi nasa.


I pausane mellom dei daglige gjeremåla er det fint å koble av med ei låt. Personlig er eg fan av improvisasjon. Og Xylofon.
Og treng eg ein matbit mellom slaga er det berre å slenge i seg ein neve ris.
Til slutt vil eg nytte høvet til å takke Anne Marte for at ho sydde denne ballen til meg. Den er svært deilig og kjekk. Anne Marte veit nok ikkje at eg har blogg, men dette får iallefall dåkke andre til å tenke fine tankar om henne. Det er jo ein premie i seg sjølv, så ho bør blir fornøgd.

Håpar de får ei fin veke. Eg har tenkt bruke veka til å kose meg med pappa på dagen, med mamma på kvelden og med kukluten og pingvinkluten om natta. Dette lovar bra.
pst. beklager at eg bruker så veldig STOR skrift, men det har seg slik at besteforeldrene mine ikkje akkurat har velfungerande auger. Dette her klarer dei nok ikkje å lese, men berre drit i å mobbe dei for det. Dei kan ikkje nåkke for det, stakkarane..
eg saknar deg.
SvarSlettDu selma, du selma....du er berre litt grei...nemlig for å ikkj emobbe. Mormor har fått seg gammaldamebriller...slike som ein må lyft ehovudet fo rå kunne lese med..kjenner meg litt eldre enn før, men ser allslags skrift som du klara å skrive. Dessutan er du i ferd med å bli litt lik på mammaen din!!! Yess!!!!
SvarSlettKos deg med oppvask-kluten og resten av gjengen!