tirsdag 25. januar 2011

I have been having fun, going mad i Trøndelag sammen med min turnerande pappa og mi krokbøygde mamma. Hotell med fri tilgang på røde serviettar er berre tipptopptoppers!

I Oppdal la eg meg sjølv ut på billigsalg mens eg påsto at eg ikkje var søt. Der tok eg skammelig feil..

Her ser du mamma og den vidunderlige bonderomantiske minisutien vi budde på. Rammemadrasshimmelseng og liksom-brystningspanels-bord er visst siste skrik i Oppdal seies det.

Når mamma begynner med den derre interiørklaginga si legge eg meg heller på sida og nyte ein god gammaldags våtserviettpakke. Det kan redde ei kvar dårlig stemning.

I Trondheim skulte eg på Nidarosdomen så lenge at nasa begynte å matche/metse dressen. Metsing is gudd for oss jåledamer :)


Her er flokken eg er ledar for. Dei må seiast å vere ok undersottar.

Til slutt eit blinkskudd der eg, Solveig, mamma, Gustav, Liv Elin, Mathilde, Sigurd, Joar og Jon Eivind viser oss frå våre beste sider. Berre Elisabeth, Bjørnar og pappa manglar. Til sammen blei vi ein heidundrande grautfest ein lørdag i januar. Det var kjekt for meg!

Viss du fremdeles vil sjå meir av meg får du komme til Slettebakken.

Kjærleik frå Selma

2 kommentarer:

  1. Takk, Kjære Selma...trur du har redda nattesøvnen vår etter ein grusom Greys-kveld! Du e berre superduperdeilig!!!!

    SvarSlett
  2. åsmund olai+peder emil27. januar 2011 kl. 20:32

    neste gang kommer vi også til slettebakken på grøt!
    og våtservietter kan man informere om at fortsatt er gøy selv når man har fylt 2 år.


    pst, super-harald hilser (han har fått navn).

    SvarSlett