tirsdag 4. januar 2011

EG-setningar om livet sidan sist

Eg har vandra rundt her og der iført julekjole og blue shoes.

Eg har sjølvsagt vore under stolen (del 5)

Eg har ete spaghetti med kjøttdeig på julekvelden. Det er jo sånn at ein skal få den beste middagen ein veit om når det er jul.

Eg har sett noko månebedotten ut mens eg åpna julepresangar.

Eg synes det var lurt å sjå litt på presangane på avstand for å bli litt kjent med dei før eg tok dei på fanget og omfavna dei.

Eg fekk frukost 1. juledag som vanlig. Det uvanlige var at eg åt den i stova til oldemor og oldefar i Førde. Den fine smekka har snille og gavmilde Krisskråss laga til meg, viss du lurte.

Eg, Aisha og nyoppståtte onkel Prince Gjermund the first leika i kjellaren etter frukosten. Viss eg hadde hatt hår ville eg sagt at vi slo ut håret littegranne. Aisha slår på ein måte alltid ut håret ho, heldigrisen.

Eg har som vanlig latt meg engasjere av Drømmehagen på nett-tv.

Eg har tatt meg ein prat med den eldste eg kjenner i heile verda, nemlig oldefar på dalen. Eller prat og prat, eg satt no på fanget hans iallefall. (pst. viss du syns du kjenner igjen den farga firkanten i bakgrunnen har du kanskje sett den her. Det er nemlig mammasøskenbarnPeter som ruler videoen med ansiktet og firkanten sin. Sånn går det når ein bur i Junaiten.)

Eg har bada med Frida i det store badekaret til Besto. Det var litt kjekt, men mest skummelt.

Eg har leika med lego sammen med Besto, Rosa-Prinsesse-Frida og kule one-piece-Emil.

Eg har komt meg under stolen til Besto (del 6)

Og til slutt vil eg berre vise fram den nye dyreflokken min som måtte ein tur i oppvaskmaskina for å bli reine før eg fekk lov til å putte dei i munnen min. Eg var litt redd det berre ville bli ein flokk med rein(sdyr) som kom ut etterpå, men heldigvis beholdt dei rasane sine sjølv om mamma hardnakka påstår at dei blei rein alle sammen. Ho er rar.

Godt nyttår folkens! Stilig å tenke på at dette året for min del blir betydelig lenger enn det forige. Hah, det kan ikkje dåkke andre skryte på dåkke :) High five for totusenogelleve!

2 kommentarer:

  1. jo, jeg kan!
    happy new year, beauty queen.

    SvarSlett
  2. Hei, Selma!
    Du vant i konkurransen! Send meg ein e-post på kathrine@nostebarn.no med adressa di, så skal eg sende garnet du vant! Koseleg blogg du har!

    SvarSlett