onsdag 4. desember 2013

Dette blir det ein kan kalle gammalt nytt, men sånn kan det gå når ein tilsynelatande har mindre ledig tid i livet sitt og ikkje får skribla ord til bildene før dei har vore klar som kladd på internetten i vekesvis.  Vel vel, barna var fine og kjekke for eit par mnd sia og dei er det fremdeles.  Dessuten er det kjekkare å sjå bilder av glade feriefantar enn vintergustne barn i skumringslys eller blitzregn, så here we go!


Familiekyrkja i Barcelona is the shit, om ein spør Selma.  For ikkje å snake om den nye grimasetrenden som har tatt ho med storm!


Selma dørvakt.  Slettebakken er vel og bra, men ekje vanskelig å lengte litt tilbake til tida då ein kunne ønske folk velkommen til oss rett frå den Barcelonske gata.  Ikkje det at nokon kom på besøk, men vissss, liksom.


Selma Sjøvørar ute på tokt!  Ikkje kom her og sei sjørøvar, det heiter jo sjøvørar, har eg sagt! 



Selma lærer seg ting berre flamingoar kan.  Soving på eitt bein er så fascinerande at det er berre å sette i gang med øvinga først som sist.


I Selma sitt liv er det stein-saks-tapir som gjeld.  Igjen; ikkje kom her og sei at ein kan blande inn papir i denne regla, det er jo feeeeil.  Dermed max flax å snuble over ein vaskeekte tapir i Barcelona :)


Mamsen i heimen lengter tilbake til tida då mor og dotter kunne disse, kitle og gjere grimasar dagen lang, uten å ofre kvardagen ein einaste tanke.  Jaudå, det er kvardagen som er fin.  Det er berre det at ferielivet er endå bedre ;)




Selma grimasfrøken diggar livet mens Vetle sjarmerer krølltoppar på ein av favorittleikeplassane i Barcelona.



Selma Tulleansikt er òg ei slags grimasfrøken, seier ho.  Pariserhjul i solnedgang sett frå innsida.


Hos bestefar var det ikkje noko pariserhjul, men då fekk ein desto meir tid til andre ting.  Som for eksempel å øve på timple.


Og plenty med tid til å ete favorittlunsj på primadonnavis.


Dessuten fekk vi brukt rimelig store mengder tid på å gjere lekser.  Lekser gir livet meining, i følge Selma.  (her om dagen skreiv ho feks "elefant til Gustav" heilt uten hjelp -og mammaen blir litt stoltesjokkert)


Og mest av alt fekk ein feriert på aller beste vis; med magen bar og armringar på.


Ein fekk også tid til å prøve ut nye måtar å sitte i ro på, og utvikla alternative bildegrimasar.


Selma fant tydeligvis ein grimase som var god nok til at den kunne brukast igjen. (og igjen. og igjen. og igjen.)  Her testar bestefar ein ny, men juryen er usikker på om den var heilt god nok til at den bør bli ein gjengangar.



E n d e l i g heime igjen til Fysakhallen!  Flaks at vi har litt fritid sjølv om vi ikkje er i Spania lenger.



Heldigvis har vi òg nok tid til å kunne ta ein pause innimellom for å berre sjå mot himmelen og tenke hardt og inderlig.  Andre har ikkje tid til slikt. For enkelte er det nemlig altfor mange ting som skal bestigast og klatrast over til at ein kan tillate seg å stoppe opp på denne måten.


Selma tar seg også fremdeles tid til tulleansikt.  Heldigvis.


Og ho tar seg tid til ei god natts søvn i rare stillingar.  Kjekt for dei våkne, det.


Her i huset sankast det dorullar i hopetal før den store juleverkstads/1-års/30-årsfeiringa til helga.  Selma har òg tørrtrena på foredlinga av rullane.


Formingslærar Ragnhild (har tross alt form-, farge-, designlinja frå folkehøgskule) gir dorulldebuten den sjarmerande karakteren S/M / M/S.  (for spesielt interesserte kan formingslæraren røpe at det skal lesast S til M til M til S og at ho sjølv fekk denne litt tvetydige vippekarakteren på ein stil på ungdomsskulen.)



Mamma seier at eg fekk heile blogginnlegget for meg sjølv forrige gong og at det derfor var Selma sin tur til å skinne denne gangen.  Eg har lagt inn protest og fått delvis medhald, så her kjem eg!  Eg har jo lært meg å ete grønnsaker for eiga maskin sia sist og meiner det er noko som ikkje bør gå bloggen hus forbi.



Paybacktime. Mamma viser bloggfolket korleis det ser ut etter eit typisk Vetlemåltid.


Mamma hugnar sant å seie ikkje heilt kva dette bildet gjorde her i denne gamle bloggkladden, men kva gjer vel det?  Versågod til alle som lurte på korleis onkel Gjermund ser ut i år.



Og varsågod til alle som har lyst å komme på pianokonsert.  Vetle stiller villig som pianist.



Han kan òg på ein god dag ta på seg jobben som gråtekone om slikt skulle trengast.  



Eventuelt kan han ta med seg søstera si og komme om det plutselig skulle bli akutt behov for ei bartefrøken og ein storsjarmør ein eller anna plass.


Mens han ventar på oppdrag blir han vel trulig berre liggande i sideleie for å perfeksjonere togmontering og -demontering.  Sånn går nu dagan.

Viss mora i huset hadde trua på eigen progresjon kunne ho vore bråkjekk og annonsert at det snart kjem adventsbilder her inne.  Den trua har ho for lengst mista, så ha tål med oss og ta oss som ein bonus når vi dukkar opp.  Det er best slik :)

(Evt kan alle besteforeldre få seg instagram, så skal mora love å intagramere barnebarn sånn omtrent veldig ofte. Ja, det var lurt, sa brura!)

1 kommentar: