lørdag 16. februar 2013




Eg hopper innom for å fortelle om livet sia sist helg.  Her er eg så hoppande glad at eg nesten hoppa ut av bildet.  Muligens er eg så glad fordi eg har oppdaga at eg passar perfekt inn i gensaren som mamma hadde når ho var liten.  Har du strikka den, mormor?


Forrige søndag pynta Vetle seg i laaang kvit kjole og fekk ein lett hårvask av presten.  Onkel Mikkel er fremdeles dansk, men vi inviterte han likevel.


Eg var jo egentlig isbjørnprinsesse i karnevalsdåpen, men viss ein kler av seg isbjørnen blir ein berre prinsesse.  Aisha var òg prinsesse, så vi skein om kapp.


Og når eg ikkje gadd å vere berre prinsesse tok eg ein liten epoke som prinsessehund.


...før eg la dei royale nykkene på hylla ei stund for å vie meg heilt til superheltbransjen.  (Er egentlig Spiderman ein superhelt? Og bruker han vanligvis lakksko?  Mamma som lurer.)


Dagen etter åt besto festrestar mens Vetle tok seg ein kvil blant blomster og mat.


Seinare i veka har mamma spydd ut dåpsmat og det meste anna, mens legen i heimen har vore mest opptatt av å lege Vetle.


Han stiller villig opp som leikepasient både tidlig og seint.(Også litt for seint, spør du mamma.  Kan nokon vennligst komme og lere barnet å legge seg i skapleg tid?)


Som oftast er lillebroren ganske lett å lege, og då blir legen sjølv strålande glad :)


Eg har hørt at Synne driv og dansar på skøyter og eg har jammen lyst å bli like stor og stilig som ho ein gong.  Så då må eg øve då!  I dag tok eg med meg familien på trening.


Det er jo pittelittegranne skummelt, men tøff som eg er taklar eg jo det.


Mamma og pappa som hadde trudd eg skulle henge rundt beina deira sto nestensjokkerte og såg på at eg reiste min kos. 


Pausevafler.  Fordi eg fortjente det.


Heime i varmen tok eg ein trall ved pianoet.  Eg er knakande god på fri improvisasjon rundt sangen til Karlson på taket.


Og blir eg lei av pianoklimpring kan eg jo slå seg ned med mennene i mitt liv for å danne et godt gammaldags familiekor.  Vetle er ikkje heilt stø på tekstane (forsåvidt ikkje pappa heller), men med ei sangbok i fanget ordnar det meste seg.

Helga er ikkje over.  Fremdeles gode muligheter for Vetle til å legge seg altfor seint og for meg til å stå opp altfor tidlig.  Plenty med tid til kos og trass, ønsk oss lykke til.

3 kommentarer:

  1. Finingane! Gratulerer med overstått karnevalsdåp (og omgangssjuke)! Her går det i hoste, elles har vi det berre bra. Dei store skal til Bergen 1.mars-helga (mens den lille skal ha farmor og farfar på besøk) og håpar dåkke tilfeldigvis er heime og har tid til ein visitas?

    SvarSlett
  2. Kjære dr. Selma!! Godt å sjå at du tek ansvar i ei tung tid for familien... Pass godt på Vetle, som er verdens deiligaste babygut i heile Bergen og Lavik og alle plassar
    Og ja, !!....eg har ikkje berre strikka den fine gensaren - eg har komponert han og!!! Og du er kjempefin i han!!

    SvarSlett
  3. dere er fine fra mårra til kveld, jo!!
    (og elsker å se snurten av egne miniklær på han perfekte tigeren/kjegasen/prinsen/kjeksen/snassen)

    SvarSlett