torsdag 13. september 2012

Guri meg, mamma. Jeg eee jo vældi stor.

Flagget til topps, i dag er eg to og eit halvt!  Eg har spurt fint fleire gonger i dag om eg ikkje kan få lov å vere tre og eit halvt, men dei voksne er strenge og seier eg må velge mellom to og to og eit halvt.  Mulig eg går for berre to, har ikkje heilt bestemt meg endå.  Mamma virka forøvrig litt fornærma når eg spurte ho om ho var seksti og eit halvt.  Ho ser iallefall ikkje ung ut der ho går med pløsete tryne og mage som snart rekke til nabofylket, det er no mi meining.  Med andre ord blir det ingen avbilding av ho her inne på ei stund.  Vi tar heller ein mimrekavalkade med bilder frå  halvtårs- og heiltårsdagane mine, tenker eg; 

Her er eg for 2 år sidan (ho i midten, om du sku bli i tvil). 

 1 1/2 år sidan.  Det var på den tida eg blei fysisk uvel av eit stykke deilig sjokoladekake.  Noko har altså endra seg på halvanna år.

For eit år sidan var eg såpass søt.  Og såpass skalla.  No er eg berre søt. 

Og for eit halvt år sidan hadde mamma fått seg fancyphone og ho og telefonen vil ha det til at eg såg slik ut.  Det er ikkje så langt frå sannheten.

I dag er eg søt som vanlig og lirer -også som vanlig- av meg uttrykk dei voksne ikkje visste eg hadde innabords.  Som feks "Guri meg, mamma. Jeg eee jo veeeldi stor no, jeg klare det fint mamma.".  Eller som forrige vekes "viss du sier jeg ikke får saft jeg blir veldig rasende på deg.  Jeg skal spørre pappa når han kommet hjem fra jobb".  



2 kommentarer:

  1. Gratulerer!!!Store flinke søte snuppa vår!!!! Klart du skal ha saft!!! Mormor seie ja!!! Guri meg kor streng mamma du har!!!!
    Deessutan MÅ du berre kome hit ein tur snart, så skal vi drikke saft, sjølv om vi aldri gjer det til vanleg, sjølvsagt! ;)!!!

    SvarSlett
  2. Grattis med toogeithalvtårsdagen som var her ein dag !! Du er jo så stor og
    kjekk, klart du må vera sjef på Slettebakken, iallefall av og til !!!!!
    No skal besto til Ålvik til Emil og Frida. Du skulle vore med, men det vert
    ein annan gong. Ha det fint, vennen!!!

    SvarSlett