Livet er for kort til å gå rundt uten neglelakk
Berre spør denne lille spurvestakkaren som enda sine dagar i hagen vår i går.
Vel vel, poenget var at ein ettermiddag tok eg på meg neglelakk og gjorde meg klar til til å gå på vift i nabolaget. Så sa eg til pappa at no kaaan du ikkje stå å henge over macen lenger. Viss du vaskar badet skal eg love å ta med meg mamma ut på luftetur sånn at du får arbeidsro.
Pappa vaska og vaska. Han vaska så lenge at eg rakk å sykle ein heil del.
Eg rakk til og med å bygge eit slott.
Og jammen vaska han ikkje mens eg satt på potta og såg på barne-tv òg. Flink vaskepappa og flink potteguri!
(PS. denne veka har eg gått med truse heile dagane uten at den har blitt våt. Riktignok bortsett frå akkurat i dag, men det var jo fordi eg sette meg oppi giraffbassenget mitt mens eg hadde trusa på, og DET kan jo ikkje telle. Helsing potteguri som føler seg gaaanske så flink!)
Hei på deg søte og flinke Selma !!!
SvarSlettKlem frå besto !!