mandag 11. juni 2012

helga mi



Denne snåle oldefaren hadde bursdag, og eg syns ingen kan ha bursdag uten å få krone.  Om ein blir to eller 90 speler ingen rolle, krona er det viktigaste!



Heldigvis har eg og Aisha samme oldefar sånn at vi kunne leike (og krangle) heile helga!


Og så kunne vi springe barfot i graset både seint og tidlig.  Det kunne Miriam òg.  Og tante Ingerid, men det viser ikkje spesielt godt på bildet.




Aisha syns eg var ultrarar som gjekk rundt i pysjen midt på formiddagen.  Og det seier ho som gjekk rundt med baken bar..  Korleis Miriam oppførte seg trur eg ikkje eg gidd å kommentere ein gang..


Lavik er ein rar plass.  Der køyrer ungane bil og dei voksne et is.  Av og til er det omvendt altså, men det er så vanlig at det ikkje er verdt å skrive om på ein blogg.


Shalabais, alle som var i Lavik!  Det var stilig å henge med dåkke -iallefall ei stund ;)

2 kommentarer:

  1. Du er stilig, og eg gledar meg til å springe og leike og ete surblad med deg igjen!

    SvarSlett
  2. Hei Selma ! Så kjekt å sjå kor supert du hadde
    det på Lavik-turen! Klem frå besto

    SvarSlett