onsdag 30. mai 2012

Ædda bædda, vi fekk det sydenvarmt til slutt ;p



                  

Vi tok visst ingen bilder på stranda og i bassenget i går, men eg kan love at eg gravde ein heil del sand og at eg kjørte den nye lyseblå pandaferja mi mellom Lavik og Norheimsund et par gonger. Til slutt fanga dei meg i dette handkledet og bar meg til rommet. Av og til suge det big time å vere den fysisk svakaste i familien :(


Etter to år med solbrillehat går eg no heller for solbrilleelsk! Eg bryr meg katten om at dei er laga for babyar og ser litt teite ut, for eg NEKTAR å få meg nye!



Frukost og middag smaker best med solbriller. Bleieskift er ein fest iført solbriller. Ein søve heilt klart tyngst når solbrillene er på. Inne blir det litt mørkt med solbriller, men då er det mykje bedre å klage over mørket enn å ta av solbrillene, det skal vere sikkert og visst!


Midt uti kveldsmåltidet hender det likevel at eg tar dei av for å kunne sjå litt søt ut.


Eller for å kunne sjå pappaen min djupt inn i augene.

Shalabais, no skal vi stikke og kjøpe meir solkrem!

2 kommentarer:

  1. Ingen er så nyyyydelig som...Selma med marihøner strødd utover og rundt omkring i fjeset...og så DEN UV-drakta, då!!!! Du er eit godt eksempel på ein trygg liten krabat!!! Poeng til mammaen din!!...som ikkje har lært det av mammaen sin, for å sei det rett ut....
    ;((

    SvarSlett
  2. Selma!!! Ikkje lat NOOOOKON tvinge deg til å skifte solglasaugo!!!!!

    SvarSlett