tirsdag 27. mars 2012

2



No heiter eg plutselig Selma 2 år.
Forresten har Pappa òg skifta navn sia sist. Han har gått frå å heite pappa til å plutselig heite onkel Vegard. Det var noko Aisha fant på, og eg syns det var eit stilig nok navn til at det var verdt å fortsette å kalle han det. Middagen vår skifta òg plutselig navn og heiter no herr Pølsepinnsvin. Mykje endrer seg altså når ein blir 2 år.

Når ein har bursdag må ein feire, helst både titt og ofte. Eg begynte heime hos Besto med å dobbelfeire sammen med Frida 5 år.


På sjølvaste dagen feira eg og mamma med fiskekaker til middag. Eg trur eg eeeelskar fiskekaker.

Barnehagen feira meg med krone og gele som alle likte bortsett frå meg. Heime feira eg med dei vennane mine som har ekstra snille foreldre.


I Lavik feira Aisha meg med avishatt og pakke som ho helst ville åpne sjølv.

Til og med nabosauene på Lavikdalen feira meg med å breeeeeeke så høgt at dei skremte vatnet av meg. Sauer er best i bøker!

På Lavikdalen er det ikkje berre sauer, må de tru. Det er masse anna ein kan drive med òg. Feks sitte i busskur med gjestene sine.

Eller stille fint opp til grilldressgruppebilde.


No er eg heime i Bergen igjen og feiringens sus har lagt seg. Eg feirer likevel livet som 2åring kvar einaste dag med å henge rundt med krone og leike med alle gevinstane. Tegnebrettet er nåkke av det beste som har hendt meg. Både eg og mamma lurer på korleis vi egentlig fekk dagane til å gå i tida før tegnebrettet.

Det var jo ei tid då vi heller ikkje hadde perler som vi kunne slå utover og plukke opp igjen. Ei slags fin tidtrøyte det òg, må eg sei.

Og kor kunne eg vere berre meg sjølv i fred og ro før eg fekk sirkusteltet mitt, tru? Nei, livet er virkelig bedre etter 2årsdagen.

Her inne kan ein jo ligge i berre bleia og leike bjørnen sover heilt uforstyrra (bortsett frå irriterande mødre som stikk inn kameraet og ødeligg idyllen.)

Pleier å bli kvitt ho med å stikke ut handa og servere ei kald pølse med ketchup. Hittil har dette trikset fungert bra.

Konklusjonen er som følger; eg anbefaler alle å ha ein månad med lett utspreidd bursdagsfeiring så ofte som berre mulig.

2 kommentarer:

  1. Du og Aisha må no vere dei finaste ungane på jord, trur tante Ingerid. I alle fall med så fine grilldressar på bestefarkjøkkenet. Bursdagsmnd høyrest supert ut, og i år kjem ikkje siste gevinsten før i mai/juni når surretanta har komt seg tilbake til symaskina si i Norge, så det er nesten så det blir bursdagskvartal i år - det blir nok once in a lifetime for deg (heldigvis)! ;) Kos frå Afrika

    SvarSlett
  2. Superselmatoår!!! Kommenatrane er vanskeleg å fatte i kortheit etter slik eit galant bloginlegg!! Mormor seier berre...gleder meg til i morgon...då kjem du jo plutseleg att!!! ;)) Møtast hos oldemor og oldefar, då!!

    SvarSlett