tirsdag 18. oktober 2011

Luft under vingene

Eg har lufta meg. Både her og der og med både den eine og den andre. Min første ferie frå barnehagens slaveri. Det var deeeilig!
På Gol rei eg på hund og åt bolle. Perfekt stund, altså.

I Oslo fekk eg meg ein favorittleikeplass. Leikeplassen budde i solskinnet og kunne by på både leverpostei og avslapping mellom slaga. For mamma sin del kunne den òg by på fuglebæsj i håret, men det skal vi visst ikkje snakke så høgt om.

Dobbelt polarbrød = utfordring for halvanna år gamma kjeve.

Vil påstå eg tar meg rimelig bra ut sjølv når eg tygg mat. Iallefall når eg har hue med ball, det er jo berre knallstilig!

For ikkje å snakke om kor stilig eg er når eg drive med min nye favorittsyssel: å ta på andre sine sko og mine eigne huer. Slikt kan ein holde på med i eit banka kjør viss ein får lov -og det får ein jo når eg har ferie. Ai låvv ferie! Men så skal det seiast at det slettes ikkje var dritverst å komme tilbake til barnehagekvardagen heller. Det er jo flust av sko som tilhøyrer andre der òg :)

God veke folkens! Vi bloggast!

3 kommentarer:

  1. Ser at du hadde det fint på ferieturen!
    Så kjekt å få vera ilag med deg i helga !
    Klem frå besto

    SvarSlett
  2. Du Selma...du tek deg ganske BEST ut unasett kven sine sko og huer du kryp inn i!!! Så kjekt du har hatt det på ferie, då!!! Det med fuglebæsjen må du berre snakke om...snart kan kanskje mamma vere med og le av det og?? Klem...og kjekt at besto og har hengt seg på her!!!!!

    SvarSlett
  3. men kom igjen, da! det er jo snart en måned siden sist!

    SvarSlett