onsdag 6. juli 2011


Å herlighet, eg har opplevd ein heil del sia sist. For eksempel har eg vore på utekafé i Stavanger og nytt ein medbrakt smoothie.

Den som fekk meg til å reise den lange veien til oljebyen var denne galne gammeltanta her. Ho er, som du ser, rimelig stilig sjølv om ho er gammal.

Eg likte meg i Stavanger. Du kan sei det sånn at eg var eit slags midtpunkt under oppholdet (..vent, er eg ikkje alltid det..?), og det føltes egentlig berre fint.

Tilbake i Bergen fekk eg besøk av Aisha og mormor. Slike besøk får pappa til å diske opp med si heimalagde potestappa. Potestappa og godt selskap gjer meg glad!

...og litt skitten i ansiktet. Potestappa altså, ikkje selskapet.

Under besøket fekk vi bevist to ting.
1. Aisha elskar meg fremdeles.
2. Eg elskar Vennebyen på DVD.

Eg har òg hatt snarvisitt av diverse markmus som var på vei til sydens land (heldige grisar!). Fem i talet, men Emil får vere deira representant i denne omgang. Eg syns faktisk at han er rasande festlig, berre så det er sagt.

Sånn heilt på tampen vil eg berre snu dei trøtte kveldsaugene mine mot deg for å fortelle siste nytt: Eg er ei ekte kvinne! Ekte kvinner har hestehale i ny og ne...

Kom ikkje her og påstå at eg ikkje har anlegg for oppsatt hår..

Alle kvinner har vel vore gjennom spare-til-langt-hår-fasen der ein akkurat ikkje får håret opp i strikk. Vel, no er eg forbi den og ser lysare tider komme.

2 kommentarer:

  1. Synne (plastrer såret): "Hun tanta var vel ikke gammel mamma?!"

    Gleder oss hemningsløst til å se deg Selmus!

    SvarSlett