mandag 14. mars 2011

feiring på den skikkelige dagen

Jessda, eg har runda året og kjenner meg straks hakket veslevoksnare. Eg blei på bursdagen utedelt nye oppgaver i livet; fekk ansvar for heile 10 små pappklossar som til ei kvar tid må passast på og flyttast hit og dit. Nye bøker må lesast, puslespel leggast og matboksar må fyllast og tømmast. Det kan sjå ut som om det blir travelt å vere 1 år


Under pølsefesten (over) våka denne lille sniken (under) over kaka som om det var verdas viktigaste skatt. Her ser du bevis på at han gjorde litt meir enn å berre passe på den.



Kakefesten tok omsider til og dei hylla meg med sang og musikk. Eg tok det heile inn og NAAAUT det!

Sitat far før gjestene kom; "no er huset så fint og ryddig som det nesten aldri har vore før". Slikt må ein ha forstand til å nye så lenge det varer.

Til slutt ein liten bildedokumentar;
Barnet får omsider kake. Er det DETTE eg har venta på?!? Fysjom!

Barnet får frukt og lykka er atter komplett. (amen, takk kjære Gud for drømmebarn, helsing mor)


I dag har eg hatt restefest med stupedamene, men oops eg glømte visst å fotografere hyggestunda.

Takk for meg, sjåast muligens plutselig. Ver på utkikk etter SuperSelma, ho kan dukke opp nårsomhelst!

1 kommentar:

  1. Gratulerer kjære Selma! Eg har berre sendt bursdagsmelding til mamma, men her kan eg jo gratulere deg direkte.
    Det ser ut som om du har blitt feira skikkelig og at du hadde det kjekt med krone på hovudet! Men likar du ikkje kake seier du? Det må du ha arva frå mor di. Til liks med den fine, raude kjolen med fuglar på kanskje? Akkurat sånn hadde nemleg eg også då eg var liten, og no ligg den og håpar på å få bli brukt igjen...
    Stor klem frå Kriskross

    SvarSlett