Mamma og pappa sa at vi måtte øve inn ein juledans fordi vi er flinke og glade i kvarandre og litt på grunn av Jesus og jul og slikt. Når eg tenker meg om er det vel på tide å leite etter lilleJesus som har blitt vekke i leikekassa mi. Mamma seie han kanskje ligge heilt nederst under Krokkus, Izzy, Miffy, Vinterbamsen og GlaSur-dokka, men det er òg mulig at han har gjømt seg under sofaen sammen med hybelkaninene. Han er jo vant med dyr frå stallen, så han har det nok i tilfelle fint sammen med kaninene. Eg skal love å leite etter han altså.
Men tilbake til poenget; eg lærer stadig nye triks. Du kan sjå siste bragd viss du trykker på linja under her;
GJUUUUUL!!!
Du verdens beste danseløve....du har jammen lært mamma og pappa masse fine sprett!!! FLOTT!!
SvarSlettNår det gjeld han lillejesus, så kjenner eg ei litt større kusine som galant reiv han laus frå krybba ein gong i november, og eg plasserte dei to delane på kjøkkenbenken for restaurering...men det kan jo godt hende han har funne vegen til flokken under sofaen. Uansett trur eg han dukkar opp om eit par dagar,og då skal vi kose oss hos oldemor og oldefar!!!!
herlighet!
SvarSlettvi digger dere!
fin jul.