tirsdag 20. april 2010

Uavgjort 1-1


Eg er så heldig å ha ein pappa som ikkje er aaaltfor god når det kjem til ullvask og dei tinga der.  Når han hadde krympa ullgensaren sin to gongar sa nemlig mamma at no får det vere nok.  ...Åsså trylla ho gensaren hans om til ein kjempedeilig kjole til meg.  Eg er varm og glad.



Dei seier eg trimmer hjernen når eg ligg her.  Greit nok for meg så lenge det er gøy :)


For å takke pappa for den nye kjolen tok eg å bæsja i vatnet mens han bada meg i kveld.  
Kjole til meg, bæsj til han.  1-1.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar